Om ridesenteret
Evas Ridesenter er et ridesenter i Sogn og Fjordane, Nordfjordeid. Det drivast av Eva Bjørhovde og rasen på senteret er islandshest. Ho har mellom 20-25 islandshester som ho eig sjølv og om sommearane kjem det ofte hestar ho lånar til rideleirsesongen. Det er rideleir frå søndag til fredag fra midten av juni til midten av august, og prisen ligg på 3350,- pr. veke. Det er fullt mogleg å ta med eigen hest for dei som har lyst til det.
Les meir om dette på www.evas-ridesenter.no
Eva Bjørhovde er ei kjekk og energifull dame som alltid tek alle godt imot. Dette gjeld også alle andre familiemedlemmane i familia, som du alltid kan sjå med eit smil rundt munnen. Det er viktig at alle som er på leir trivast og har det kjekt, og det er det som står i fokus! Det er ei super moglegheit til å få nye venner og lære meir om hest. Setreturen midt i veka er eit høgdepunkt som mange ser fram til, då ein rir både over ei elv og overnattar i hytte over natta. Grilling av pølser, blåbærplukking og nærleiken av hestar gjer setreturen til ei super oppleving. Konkurranse på hest, riding utan sal (berre for dei som vil sjølvsagt!) og hopping står også på planen. Dette er verkeleg ein fantastisk leir med kjekke to- og firbeinte, så kom til Evas Ridensenter!
TIDLEGARE DELTAKARAR SINE ORD:
"Eg meiner at Evas Ridesenter er ein utruleg kjekk og koseleg rideleir! Eva tilpassar seg ønska dine så godt som råd, men alle hestane er super snille. Eg syntes at folket og Eva var kjempe kjekke og opplegget var supert! Eg var fornøgd og leiren holdt opp til forventningane mine."
- Katrine Pilskog
"Min første tur til Haugen er no 8-9 år sidan. Det starta med ein helgeleir med nokre vennar, men det var berre starten på fleire år med kjekke besøk på Evas. Rideleirar vart det kvart år og når eg vart litt i eldste laget for det, så vart det sommar- og haustjobb på meg der i staden. Ein kjekkare plass med snildare og meir imøtekomande folk skal ein leite lenge etter. Eg har eit godt fornold til folka og hestane på denne plassen og føler alltid at eg er heime når Eva kjem med åpne armar for å gje oss den obligatoriske velkomst-klemmen!"
- Karoline Hatledal
"Evas Ridesenter har blitt ein del av meg. Eva og familien hennas er dei mest imøtekommande og hyggelige personane eg kjenner. Dei tar vare på alle som kjem på leir, ridetimar og besøk. Ein vil alltid kunne føle seg velkommen dit. Nye utfordingar, og nye gode minnerike opplevelsar står for tur på Evas. Har lært utrulig mykje med Eva & Co, er det noko dei kan, så er det hest!"
- Eirin Bakke
"Evas Ridesenter har blitt ein tradisjon for meg kvart år! Du blir alltid tatt godt i mot og det er eit fantastisk miljø med mange hyggelige folk og hestar! Sikkerheiten og trivsla er satt høgt på lista, noko eg sett pris på. Eg ser sjølv fram til fleire år på denne herlege plassen!"
- Valentina Brandal